Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bindalsfjell

Bindalsfjell 929 m.o.h. - Kilegrend, sør i Fyresdal

Tak av FV 355 i Kilegrend, mot Øyne Camping. Etter å ha passera det andre utløpet frå Fyresvatn etter om lag 1 km, tek ein til venstre. Tak opp den fyrste vegen til høgre etter kort tid. Her er det bomkasse for betaling. På det høgaste punktet på vegen mot Bindalen, etter 4-5 km, kan ein parkere. Turvegen startar opp den bratte lia mot nord. Denne vegen er ikkje merka. Gå inn langs myr/bekk mot Tjønnheivatnet. Før vatnet går ein opp til venstre. På toppen her er det lite stigning mot varden, mykje svaberg og lett terreng å gå i. Her er ein flott varde med god utsikt alle vegar. Fylg same vegen ned att. 

- Lengde: 3-5 km 
- Stigning: 430 m 
- Terreng: Middels krevjande 
- Gangtid: Middels lang dagstur

Sjå side 30-31 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk