Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Hamaren

Delvis rundløype med alternative løypeval.

Start ved Fyresdal bygdemuseum ved å gå gjennom Øyskogen, kryss hovudvegen (FV 355) og fortsett vegen ned til Moland kyrkje og bryggeparken. Ein kan også starte turen ved Fyresdal Kurs og Leirsted, passere brua over elva, ned langs denne og ta ein stopp ved den gamle dampbåten Teisner, som vart frakta stykkevis frå Aker Mekaniske i 1876, og sett saman i Fyresdal. 

Teisner gjekk som rutebåt mellom Fyresdal og Kilegrend til om lag 1930. Seinare gjekk den som slepebåt med tømmer fram til 1970. 

Stien går i open furuskog og langs strender langs Fyresvatn. 

På veg opp mot Hamaren går ein forbi Munkhola, som er erodera frå tidlegare tider då vatnet stod mykje høgare enn i dag. Segna seier at munkar i katolsk tid måtte rømme og skal ha gøymt seg her, derfor namnet Munkhola. 

Undervegs er det ei mindre stigning opp til Hamaren (skogås) med flott utsyn over nordre del av Fyresvatn og bygda. 

Ved bryggeparken har du ein flott badeplass med benkar og grillplass. 

- Totallengde: 3,3, km
- Terreng: Lett 
- Gangtid: 1 time

Sjå side 34-35 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk