Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kviptefjell

Kviptefjell 903 m.o.h. - Øvre Birtedalen, vest i Fyresdal

Køyr til Birtedalen frå FV 355. Fylg skilting til Kvipt Gjestegard. Her er det bomkasse med betaling. Turen startar like før Kvipt Gjestegard. Fylg gamal tydeleg gangstig forbi garden, langs vatnet og opp Kvipteskar. På toppen gjeng ein til høgre ved skilt. Fylg stigen vidare langs rista/fjellryggen og gå ned mot Kvipt på andre sida. Flott rundtur med enorm utsikt. Vegen er merka. 

- Totallengde: 5 km 
- Stigning: 280 m 
- Terreng: Halvlang, middels krevjande 
- Gangtid: 3-4 timar

Sjå side 24-25 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk