Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nasefjell

Nasefjell 916 m.o.h. - Breiviksheia, sørvest i Fyresdal

Tak av FV 355 mot Birtedalen. På det høgaste punktet, etter 18 km, startar turen. Stopp ved skiltet og parker her. Fylg blått merke i sydeleg retning. Ein ser den flotte varden i god tid før ein er der. Det er høve til å bade når ein passerar småtjønnar. Rundtur, eller same veg tilbake. Like flott tur sommar som vinter. 

- Totallengde: 8 km 
- Stigning: 240 m 
- Terreng: Lang lett tur 
- Gangtid: 4 timar

Sjå side 22-23 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk