Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Roan

Roan 1192 m.o.h. - Hauggrend, nord i Fyresdal

Tak av FV 355 i Hauggrend mot Foldsæ og Steinerskulen. Fylg vidare skilt til Røyningdalen, om lag 4,5 km. Utsynet frå Roantoppen er utruleg flott. Herifrå kan ein i godvêr sjå store delar av fjellheimen i Telemark. Frå Bykleheiane og Haukeli i nordvest kan ein la blikket gli langs søre delen av Hardangervidda mot Gaustatoppen (1883 m.o.h.) og vidare austetter mot Lifjell og nære fjellområde. 

- Totallengde: Ca 10 km 
- Stigning: 590 m 
- Terreng: Jamn stigning, bratt mot toppen 
- Gangtid: Dagstur, 5-6 timar

Sjå side 4-5 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk