Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tjønnefjell

Tjønnefjell - 1065 m.o.h.

Tak av FV 355 i Hegglandsgrend mot Kleivgrend (skilt Libru). Tak av vegen etter ca. 2,5 km ved skilt til Åslandsgrend, køyr 2,5 km og tak til venstre ved skilt til Tjønnefjell. Køyr 1 km til enden av vegen og parker der. Stigen startar på ein traktorveg etter å ha kryssa elva. Stigen er ikkje merka, men det er tydeleg stig til Flæune. Herifrå kan ein gå bratt opp til venstre, eller fylgje stigen litt lengre fram, og opp på toppen frå nordvest.

- Total lengde: 7 km
- Stigning: 470 m
- Terreng: Middels
- Gangtid: 4 timar

Sjå side 12-13 i "Vandreruter i Fyresdal" for bilete og kart over området

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk