Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal ungdomsklubb

Sist endret: 04.09.2018Kontaktavdeling: Kultur

I Fyresdal kommune har vi to klubbkveldar i veka. Klubbane går føre seg på samfunnshuset, der vi har tilbod om diskotek, kiosksal, playstation og andre spel, biljard, air-hockey, datarom med breibånd, sosialt samvær og ope bruk av storsalen. Annankvar fredag er det kino. 

Innanfor klubben sin regi vert det arrangert laurdagsklubb, datavaker og turar (t.d. handletur til Sørlandssenteret, slalåmtur, teatertur). I tillegg samarbeidar Fyresdal ungdomsklubb med klubbane i nabokommunane om felles arrangement, avslutningar og konsertar. 

Fredagsklubben

Gjeld ungdom frå 8. trinn og oppover. 
- Opningstid frå 17.00 til 22.00 (dei dagane det er kino opnar klubben 15.00). 
- Følgjer skuleåret.

Onsdagsklubben

- Gjeld elevar frå 5. trinn og oppover. 
- Opningstid frå 14.00 til 20.30. 
- Sal av middag til kr. 20,-. 
- Startar i starten av september og held på ut april. 

Fyresdal ungdomsklubb er medlem av Ungdom og fritid.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk