Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kriterier for støtte til oppkøyring av skiløyper

- Den som tar på seg oppkøyring av skiløyper i Fyresdal kommune må, for å kunne få kommunal støtte til dette:

- Ha skriftleg avtale med grunneigar.
- Naudsynt løyve til å køyre snoskuter i det aktuelle området.
- Ha vikarordning som sikrar oppkøyring ved fråvær, sjukdom og liknande.
- Ha ein kontaktperson for kvar løype/kvart område det blir søkt støtte for.
- Føre logg med dato og lengde for kvar oppkøyring.

- Løypene det blir søkt tilskot for skal vere oppkøyrd med sporleggar til kvar helg i januar, februar, mars og april, når temperatur- og snotilhøve tilseier det. I vinterferien og påskeferien skal løypene vere preparert for skigåing kvar dag.

- For skiløypenetter på Øyane er det ikkje krav til føring av logg. I dette løypenettet skal det vere løypetrasé for både skøyting og klassisk langrenn.

- Som støtte til oppkøyring av løypenettet på Veum øyremerkast kr. 30 000,- gjennom dei årlege kulturmidlane. Dei tre andre søkjarane får midlar gjennom ein fordelingsnykel basera på årlege budsjettera midlar til dette, for sesongen 2014/2015 er denne løyvinga på kr. 70 000,-.

- Utbetaling skjer på grunnlag av skriftleg søknad med:

- Ein enkel evaluering av sesongen med omtale av spesielle problem med å halde løypene oppkøyrt i samsvar med krava for tilskot.
- Oppgåve over totalt køyrde kilometer.
- Kopi av logg for køyring.

- Søknad om støtte sendast Fyresdal kommune innan 1. mai kvart år.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk