Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tilskot til vedlikehald av private vegar

- Det vert gjeve eit årleg tilskot til private vegar med fast busetnad. Tilskotet er kr. 5,- pr. m veg. Til frådrag kjem kr. 500,- pr. husstand langs vegen.

- Veglengda vert rekna til seiste fastbuande registrera i folkeregisteret. 

- Minste veglengde er 200 m. 

- Veglengde frå 200 til 300 m, må ikkje ha fleire enn 2 husstandar. 

- Veglengde frå 300 til 400 m, må ikkje ha fleire enn 3 husstandar. 

- Veglengde frå 400 til 500 m, må ikkje ha fleire enn 4 husstandar. 

- Veglengde frå 500 til 1000 m, må ikkje ha fleire enn 6 husstandar. 

- Veglengde over 1 000 m har ikkje krav til talet på husstandar. 

- Den ansvarlege for veganlegget er pliktig til å gje kommunen opplysningar snarast råd om endringar i føresetnadane som vil påverke utrekninga av tilskotet.

- Ved fleire husstandar langs vegen skal det opprettast eit veglag med eigen bankkonto som tilskotet blir utbetalt til. 

- Etter at eit veganlegg er godkjent for tilskot, vert det utbetala innan 1. mai kvart år.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk