Mange flotte prestasjonar i skiskyttarsporet
Det har vore mange flotte prestasjonar av skiskytterane våre på nyåret i blant anna Kvalfoss-sprinten og Norges Cup.
Helga 7.-8. januar gjekk Kvalfoss-sprinten av stabelen i Holmenkollen;
Even Nordbø, Fyresdal SSL, gjekk til topps samanlagt i klasse gutar 16 år, etter 2. pl på sprinten laurdag og 1. pl på normal på sundag. Ein flott innsats i eit renn der skiskytterar frå heile landet deltek. I Even si klasse var det 99 startande.

Helga 14.-15. januar var det Norges Cup på Simostranda;
Bendik Aketun gjekk heilt til topps på supersprinten på laurdag i klassa menn 19 år.
Sundag gjekk det litt tyngre i sporet på sprinten der han blei nr. 10.
Sundag 15. januar var det renn på Veum med om lag 80 løperar frå heile Telemark.
Fyresdal SSL hadde med 18 løperar, derav 6 nybyrjerar som gjekk sitt fyrste løp. Desse løperane frå FSSL gjekk heilt til topps i sine klasser:
Jenter 11år Vilde Aamlid
Gutar 12 år Einar Sigvart Kvasjord
Gutar 13 år Sigurd Aas Levang
Gutar 15 år Torjus Fossli
Gutar 16 år Even Nordbø
Resultat Statkraft Cup 15. januar
Sist oppdatert 16.01.2012