Fleire tusen stadnamn i Fyresdal tilgjengelege på nett
Eit fantastisk stykke arbeid er gjort ifbm. samling av stadnamn og kulturminne i Fyresdal. Alle dei 7600 registrera stadnamna kan ein no sjå ved å gå inn på KART øvst på heimesida. Alle stadnamna er skrive på dialekt, og her er mange artige namn å finne.
Snippen, Snippehagjen, Austaddassen, Magasinreine, Svænskeveita, Spøkeristeinen… og over 7.000 fleir…
For nokre år tilbake hadde Fyresdal kommune eit prosjekt med innsamling av lokale stadnamn. Prosjektet var initiert av kulturkontoret og det var Synnøve Nedrebø som i all hovudsak jobba med prosjektet. Det var breitt lagt opp, med mellom anna intervju av dei eldre i grendene og stor hjelp frå grendelaga. Det er gamle stadnamn på badeplassar, bakkar, beite, øyar, støylar, myrer, nutar, åkrar osb. Dette er eit svært verdifullt materiale, som vi på kulturkontoret no vil gjere tilgjengeleg for fleire. Vi har difor, i samarbeid med Einar Mikkelsen på avdeling for plan og teknikk, jobba for å få lagt dette over på kart på kommunen sin heimeside.
Slik gjer du:
- Stå på Fyresdal kommune sin heimeside: www.fyresdal.kommune.no
- Trykk på Kart
- Vel eit utsnitt av område til vil sjå på, t.d. Hauggrend målestokk ca 1:10 000
- Trykk på Grunnkart til venstre i menyen, vel så Kulturminne
OBS: du må ha mindre målestokk enn 1:100 000, 1:10 000 er stort sett greitt. Er du i eit område med mange stadnamn, t.d. Folkestadbyen, kan det vere OK å gå heilt ned til 1:2500. Så er det bare å prøve seg fram, hugs at dersom du har for stor målestokk, får du ikkje fram stadnamna.
Alle stadnamna er kartfesta, men dette arbeidet er ikkje gjort med GPS, så ein må take høgde for nokre feil her og der. Ser de tydelege feil, tak gjerne kontakt med Hilde på kulturkontoret.
Så håpar vi mange får glede av kartet med gamle stadnamn.. Takk til Synnøve Nedrebø som har gjort registreringsarbeidet, og Einar Mikkelsen, som hjelpte med kartjobben.
Kulturkontoret
Link til nyheit i Vest-Telemark Blad
Sist oppdatert 30.01.2012