English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Meld frå om du ser gaupespor

Gaupejakta startar 1. februar, og eit godt resultat avhenger av raske meldingar ved sporobservasjonar. NB: Kvota i Region 2 er, etter klagebehandling, redusert frå 30 til 15 dyr. For jaktområde Vest 2, der Fyresdal er med, er kvota redusert frå 4 til 2 dyr.

Meir informasjon om klagebehandling og nytt vedtak finn du her.

Jakt på gaupe krev grunneigars tillating, og jakta i Fyresdal er difor organisert i eige jaktlag. Det er kun jegarar som står på varslingslista som har lov å jakte gaupe i kommunen, om dei då ikkje har direkte løyve frå grunneigaren.

For at vi skal lykkast med jakta er det viktig med raske meldingar om ein ser gaupespor. Og det er betre å seie i frå ei gong for mykje enn ei for lite! Ikkje vent med å melde frå – her er minutta viktige. Ved observasjon av gaupespor, meld frå til: 

  • Kjell Sverre Thoresen – mobil 979 72 570 
  • Halvor Solberg – mobil 415 77 406

Utfyllande informasjon frå Fylkesmannen og Rovviltnemnda finn du her

Elles er det verdt å merke seg eit utdrag av enkelte viktige reglar for jakt på gaupe i henhald til viltloven m/ forskrifter:

Jakttid
Jakttid på gaupe er 01.02. – 31.03. Ved fylt kvote kan jakta stansas tidligare. Gaupejakt er ordinær jakt og er difor underlagt ordinære jaktbestemmelsar i medhald av viltlova. Dette innebærer blant ana at ein må ha tillatelse fra jaktrettshavar/grunneigar for å kunne utøve jakt.

Krav til aldersgrense, våpen og skyteprøve
Gaupe er definert som storvilt, og aldersgrensa for å jakte gaupe er dirfor 18 år.
Det er tillatt å jakte gaupe både med haglegevær og rifle. Det er ikkje tillatt å nytte halvautomatisk rifle med meir enn 2 skot i magasinet og eit skot i kammeret. Når jakta utøves med rifle er det bare tillatt å nytte ammunisjon med ekspanderande prosjektil (blyspiss, holspiss o.l.), og som har ein anslagsenergi på minst 980 joule (100 kgm) på 100 meter. Jegerar som ynskjer å nytte rifle ved gaupejakt må ha bestått skjoteprøve for storvilt samme jaktår (jaktåret varar frå 01. april til 31. mars, så skjoteprøva frå i haust er gyldig).

Bruk av hund og fangstredskap
Det er lov å nytte laus på drevet halsande hund til jakt på gaupe. Til fangst av gaupe krevst etter søknad årlig løyve frå Fylkesmannen for den enkelte bås. Båsens konstruksjon, plassering og tilsynshyppighet skal framgå av søknaden.

Ettersøk og kontroll
Den som påskyt gaupe utan å felle, pliktar utan opphald å underrette Fylkesmannen, kommunen og næraste politimyndigheit, og ved skadeskyting gjere det ein kan for å avlive dyret snarast mogleg. Jeger
og jaktlag som har delteke ved skadeskytinga, skal utan godtgjering bistå viltmyndigheit eller politi i det vidare ettersøk. En kvar som utøver jakt og fangst pliktar å la seg kontrollere av politi eller Statens naturoppsyn, og ved forlangande påvise skot- eller fangststad.

Sist oppdatert 02.02.2012