Fyresdal barnehage
Godt nyttår alle saman!
Fyresdal barnehage har dette, og komande barnehageår, vald å fokusere på sosial kompetanse. Det vil seie at vi har fokus på gode sosiale ferdighetar, både hos oss sjølve og barnet. Vi skal vere gode rollemodellar for barnet i barnehagen.
I kalenderen/årsplanen som vart dela ut i starten av barnehageåret står det også ein del om dette og korleis vi ville jobbe med dei 5 områda under sosial kompetanse i løpet av året. Vi ser at vi treng mykje tid for å implementere dette i personalgruppa, slik at vi blir gode rollemodellar. Det tek også tid å arbeide med dette inn mot dei ulike aldersgruppene. Difor har vi vald å kun fokusere på det fyrste delområdet, empati og prososiale ferdighetar, ut våren 2012. Prososiale ferdighetar er dei gode ferdighetane du har inn mot andre og deg sjølv når du har ei god empatisk utvikling.
Det er også viktig for oss at de som foreldre/føresette forstår kva vi arbeider med og kvifor. Det vil difor bli hengt opp plakatar i garderobane framover. Det vi øver på i barnehagen er det fint at de snakkar med barna om heime. På den måten kan vi arbeide saman om utvikinga av gode sosiale ferdighetar hos ditt/dine barn.
Vi har som sagt sosiale ferdighetar som hovudområde, men vi skal også følgje rammeplanens andre fagområder. Å sjå desse i samanheng med sosial utvikling er veldig spennande. Språket er også viktig i denne samanhengen, då dei fleste av oss uttrykker seg verbalt og gjer seg forstått gjennom språket.
Fyresdal kommune gjorde i fjor eit vedtak om at vi skal bruke ART som ein metode i arbeidet med barn og unge. I barnehagen er det to tilsette som i desse dagar avlegg eksamen og blir ART-trenerar. Vi har så langt bare fått prøva dette ut på nokre vaksne, samt at det har vore bruka inn mot barna på Loftet. Barna her har respondera veldig bra på metoden. Vi vel difor å prøve dette ut på dei andre aldersgruppene også.
ART er eit program utvikla av Arnold P. Goldstein, Barry Glick og John Gibbs (Goldstein & Glick, 1988; Goldstein, Glick og Gibbs 1998/2000). Programmet er ein gruppebasert strukturert pedagogisk opplæringsmetode som har vist seg å vere eit effektivt reidskap i forebygging, reduksjon og erstatning av aggressiv atferd hos barn og ungdom. I Norge er metoden nå i rask fremgang og har vore nytta i barnehage, barneskole, ungdomsskole, barnevernsinstitusjoner, innen psykiatri og i arbeid med personer med Asperger syndrom og autisme. Hensikten med treninga er å betre deltakeranes evne til å fungere sosialt. ART er eit multimodalt program, som betyr at det inneheld komponentar som fokuserar på ulike aspekter ved sosial fungering.
Programmets tre hovedkomponentar:
• sosial ferdighetstrening
• sinnekontroll trening
• trening i moralsk resonnering
Både for at vi ser at det er ein god metode, men også for å konkretisere arbeidet med sosiale ferdighetar meir vil vi dra inn ART for å konkretisere arbeidet. Det gjer det meir målbart i vårt evalueringsarbeid. I vår har vi valgt å arbeide med 5 ferdighetar i ART:
Å kunne si takk, snakke om kjensler, be om hjelp, høyre etter og inkludere andre.
Vi startar med takk og etter kvart, snakke om kjenslene våre.
Følg med på oppslag i garderobane. Spør og grav om du lurar på noko. Har du gode tips, set vi også pris på dette.
Vi ynskjer å arbeide med dei sosiale ferdighetane fordi vi ynskjer trygge barn. Barn som har eigne meiningar, som kjenner grenser, men som også ynskjer å strekke seg. Som vågar, som forstår både andres og eigne kjensler og reaksjonar. Som kan gje respekt…
Vi synest arbeidet vi har gjort til nå har vore spennande og vi ser at det lyfter oss fagleg. Bevisste vaksne og deltakande vaksne er veldig viktig i barnehagen.
Denne felles informasjonen vert etterfulgt av månadsinformasjonen frå kvar avdeling, der tiltaka kjem fram.
I perioden januar/februar er det eventyr og drama vi har fokus på i tillegg til sosial kompetanse.
Eventyr og drama er ein fin måte å tilnærme seg sosiale ferdighetar på. Barna kan forestille seg, sete seg inn i roller, forstå stemningar, dei vil kunne trene på lytting, sete seg inn i andres kjensler… Utfordringane er alltid å tilnærme seg dette utifrå alder og enkelt individ.
Vi gledar oss til arbeidet framover!
Helsing
Liv Johre Bakke
Styrar i Fyresdal barnehage
LØVEBRØL MED MEINING
- ei lita orientering om tankane bak eventyrstundene på biblioteket.
Hugs!
Ver varsome ved bringing og henting!
Dei mjuke trafikantane er dei viktigaste vi har!
|
Barnehagen ynskjer fortsatt å halde seg oppdatert på teikn til tale. Difor får vi kvar veke tilsendt 4 nye teikn frå Rita Wæthing på skulen. Desse vert gjort kjend i leiargruppa og på avdelingane. Klikk på linken så vil du sjå teikna. Lurar du på noko, spør på avdelingane i barnehagen.
Teikn til tale |
Sist oppdatert 12.01.2012