Skøyte og tinglysing
Fyresdal kommune skriv ikkje ut skøyte i samband med overføring av heimel for ein eigedom.
Dette er ein sak mellom seljar og kjøpar, som sjølve må syte for å skrive skøyte og få dette tinglyst.
Last ned skjema for skøyte og heimelserklæring
Det må sendast:
Statens kartverk
Tinglysingen
3507 Hønefoss
Telefon: 32 11 88 00 (08.15 - 14.00)
Statens kartverk vil krevje tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift.
I mange tilfelle må eigenfråsegn om konsesjonsfritak ligge ved skøytet når det skal tinglysast.
- Eigenfråsegn om konsesjonsfritak (raudt skjema) om det er bygd på tomta.
- Eigenfråsegn frå konsesjonsfritak (grønt skjema) om det er ei ubebygd tomt.
På desse må du ha underskrift frå Fyresdal kommune. Send skjemaet til
Fyresdal kommune, 3870 Fyresdal.