Byggesaker
Har du planar om å bygge eller gjere endringar på tomta? Anten du skal bygge nytt, sette opp eit tilbygg eller gjøre endringar på tomta skal saka i regel behandlas av kommunen. Her finn du informasjon og svar på nokon spørsmål.
Byggesakshandsamar:
Marit Nygård Dale
Oppmålingsingeniør: Hallgeir Lund
Ved kontakt er det fint om du har klart namn, adresse, gardsnr./bruksnr. og eventuelt festenummer på eigedomen.
Slik går du fram for å bygge på tomta:
-
Finn ut kva sak det er - sjå oversikt nedanfor.
-
Du må ha situasjonskart med nabovarsel. Du får kart og liste over naboar på plankontoret av oppmålingsingeniør Hallgeir Lund.
1. Søknad utan ansvarsrett (tidlegare meldingssaker)
ikkje krav om ansvarshavende eller kontrollplanar.
- Oppføring av eit frittståande bygg inntil 70 m2, ikkje til bebuelse.
- Tilbygg på inntil 50 m2 som ikkje inneheld våtrom.
- Driftsbygningar i landbruket.
- Mellombels eller transportable bygningar.
2. Søknad med ansvarsrett (tidlegare byggesaker)
situasjonskart og nabovarsel må fylje søknaden.
- Nybygg, konstruksjonar og anlegg.
- Fasadeendring.
- Bruksendring/riving.
- Terrenginngrep.
- Enkle, mindre byggetiltak som kjem over grensa for søknad utan ansvarsrett.
- Skilt, tekniske installasjoner, m.v.
- Deling/samanslåinga av eigedomar.
3. Fritatt for søknad (både med og utan ansvarsrett)
på visse vilkår.
- Mindre frittliggande bygg inntil 15 m2.
- Leveggar og små forstøtningsmurar.
- Mindre fasadeendringar.
- Mindre antenner.
Skjema for bygging
Er du usikker på kva du må søkje om og kva du må melde?
Sjå her for rettleiing - rettleiinga forklarar forskriftas krav, utdjupar innhaldet i dei og gjev føringar for korleis krava kan etterkommast i praksis.
Kor lang tid tar det å få handsama ein søknad? 3 veker frå byggesøknaden er journalført dersom søknaden er korrekt utfylt, og tiltaket ikkje er i strid med lovar og reglar.
Elektronisk byggesøknad: No kan du levere byggesøknaden elektronisk via Byggsøk.
For meir informasjon kontakt Marit Nygård Dale.
Nyttige lenkjer:
Sist oppdatert 30.01.2012