English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Rådmann Ketil Kiland

Her kan du lese innlegg frå rådmannen i Fyresdal kommune.

Haustnytt frå rådmannen

Elgjakta er godt i gang og alt over for nokon. Haustfargane har vakna til liv og dei politiske miljøa med all si fargeprakt har også fått ein ny kveik som dei alltid gjer i valår.

For oss i Fyresdal vart det store endringar. Ny ordførar som vi alle ynskjer velkomen. Nytt kommunestyre som er redusert til 13 medlemar og hovudutval som fell bort. Ein mindre, men ikkje mindre krevjande arena både for oss i administrasjonen, men og dei politisk valde som må ha ein større oversikt på tvers av fagområda. Likevel trur eg det vil føre til eit stort engasjement og vilje til å jobbe godt saman både administrativt og politisk. Det vil vere viktig at det står fram gode ambassadørar for skule, barnehage, omsorg osv., men ikkje minst av omsyn til ressursbruken er det viktig at ein tenkjer heilskapleg og nyttar ressursane der behova er størst.

Nokre av dei sitjande politikarane blir med vidare. Det er bra for kontinuiteten. Politisk røynsle, nettverk i og utanfor kommunen er viktig å ivareta og utvikle. For dei som ikkje lenger blir med i første linje, men som sikkert vil vere med vidare i politisk arbeid og engasjere seg i utvikling av kommunen vår på mange andre arenaer vil eg få takke for eit tillitsfullt samarbeid. Å vere politisk tydeleg, men og vere raus har vore eit godt varemerke for alt politisk arbeid i Fyresdal. Denne haldninga og måten å vere på skaper gode dialogar og fører fram til eit godt samarbeidsklima som gir dei gode tenestane vi har.

Statsbudsjettet har kome. Som venta gav det ikkje vesentleg vekst for kommunesektoren. Ein kan alltid klage, men for Fyresdal sin del bør tenestetilbodet kunne halde fram med same gode kvaliteten som før.

Som for alle andre kommunar vil samhandlingsreforma bli ei stor utfordring for oss og frå neste år av. Vi meiner å ha kome godt i gang med førebuingane i heile Vest-Telemark og Fyresdal har erfaring over mange år med å ha gode tilbod lokalt for dei som treng ekstra omsorg. På denne måten meiner eg vi er godt budde til å gå inn i samhandlingsreforma som handlar mykje om at kommunane enda meir skal ivareta sine eigne innbyggjarar.

Til slutt vil eg særskilt få takke Bjørn for det gode samarbeidet vi har hatt og for det store engasjementet han har vist for kommunen sin som ordførar.


Helsing


Ketil O. Kiland
rådmann 

Oktober 2011
 

Sist oppdatert 10.01.2012


Rådmann

Ketil Kiland
Tlf. 35 06 71 03
Mobil. 97 07 85 00
E-post: ketil.kiland@fyresdal.kommune.no

Arkiv:

Bilete frå skitur februar 2010