Kommunale tilskot
Fyresdal kommune har ein del tilskot til ulike formål. Sjå linkane for meir informasjon.
Felles for alle tilskota er:
- Satsane gjeld ut frå det som til ei kvar tid er godkjent av kommunestyret.
- Eigaren/søkjaren må vere fast busett i Fyresdal kommune før tilskotet blir utbetala.
- For tiltak som krev løyve etter Plan- og bygningslova, eller anna lovverk, må slikt løyve vere gjeven før arbeidet/tiltaket blir starta.
- Søknad om tilskot må vere sendt/levert til Fyresdal kommune før tiltaket blir iverksett. Tilskot blir utbetalt mot dokumentasjon etter at tiltaket er gjennomført.
- Tvilstilfelle avgjerast av politisk utval for sektoren.
- Reglane for tilskota skal rullerast seinast innan utgangen av 2012.
Tilskot:
Kommunen formidlar òg tilskot til:
- Vassdragskalking.
- Rovdyrerstatning.
- Friluftsmidlar i Arendalsvassdraget.
- Produksjonstilskot.
- Avløysing ved ferie/fritid.
- Avløysing ved sjukdom.
- Økonomiske fagmidlar i landbruket.
- Miljøtiltak i landbruket.
- Organisert beitebruk.
- BU-midlar.
Sist oppdatert 10.01.2012