Renovasjon
Renovest IKS står for renovasjonsordninga i Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.
Innkrevjing av gebyr i samband med renovasjonsordninga er det Fyresdal kommune som har ansvar for.
Om du treng ekstra matavfallsposar eller sekkar til plast, så kan du få dette ved sentralbodet på kommunehuset gratis.
Skårmoen avfallsmottak:
Ligger på veg inn mot Kleivgrend, ca. 8 km. nord for sentrum.
Ope måndagar frå 14.00 - 19.00
Laurdagsope seiste laurdag i kvar månad i mai, juni, juli og august frå kl. 09.00 til 14.00.
Telefonvakt: 97 54 83 57.
Restavfall plastdunkar:
I 2008 vil alle hushaldningsabonnement - standard, mini, redusert, og heimekompostering, få plastdunk i staden for sekk.
- Dunken er på 120 liter, grå, og er prega med "Restavfall" på lokket.
- Miniabonnement har i tilegg ein "M".
- Dunken skal plasserast ved køyreruta, også dei som har redusert abonnement.
- Avfallet kan leggast direkte i dunken, sekk trengs ikkje.
- 3 stk eller fleire på same staden kan få samledunk til restavfallet.
- Dei som har utdelt dunk må bruke denne, svartsekkar som vert sett fram, vert ikkje henta.
- Restavfallstativa vert hanka inn i etterkant. Vil nokon behalde stativet må dette fjernast når dunken er sett ut.
- Dei som nå får dunk vil få sekkar tilovers, desse kan abonnenten behalde til anna bruk, MEN ikkje for å sette den fram til søppelbilen.
Spørsmål kan rettast til Renovest - Tlf. 35 06 80 00.
Sist oppdatert 10.01.2012
Dei fleste spørsmål kan ein få svar på hos Renovest,
telefon 35 06 80 00.
Har du spørsmål om tilsendte faktura, ta kontakt med
Marit Nygård Dale.