English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Fyresdal kommune søkjer sektorsjef for kultur og oppvekst

Sektorsjef har overordna ansvar for sektoren og sit i rådmannens leiargruppe. Stillinga er 100 % fast.

Fyresdal kommune er ein liten, men handlekraftig og spenstig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har eit sterkt fokus på nytenking og utvikling. Hovudmålsetjinga i kommuneplanen vår er: ”Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar, skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.”

Fyresdal kommune har samla avdelingane kultur, barnehage, skulefritidsordning, grunnskule og vaksenopplæring i ein sektor. Vi har nytt bibliotek, nyrenovert moderne skulebygg, og planlegg opprusting av barnehagen. Alle avdelingane i sektoren er samla rundt eit flott, bilfritt aktivitetsområde.

Fyresdal kommune vil ha ein kultur- og oppvekstleiar som:

  • Har stort fokus på eit godt læringsmiljø.
  • Ser heilhet og samanheng i opplæringsløpet frå barnehage til overgang vidaregåande skule. 
  • Har skulefagleg kompetanse, pedagogisk utdanning og leiarerfaring. 
  • Gjerne har kulturfagleg og barnehagefagleg kompetanse. 
  • Set fokus på kultur i heile sektoren. 
  • Har ei positiv og problemløysande innstilling. 
  • Vektlegg relasjonsbygging, kan samarbeide, utvikle og motivere personalet. 
  • Er ein aktiv pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovar og reglement. Politiattest av ny dato må leggast fram i samband med tilsetting. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til noverande sektorsjef Torny S. Moripen, tlf. 35067100 / 47359835, eller rådmann Ketil O. Kiland, tlf: 35067100 / 97078500.

Vi ber om at de nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn på heimesida www.fyresdal.kommune.no.

Søknadsfrist: 12.02.2012.

Velkomen som søkjar!

Sist oppdatert 13.02.2012