Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Reglement for bruk av kommunevåpenet

Sist endret: 22.11.2018Kontaktavdeling: Avdeling fellestenester

Vedtatt i Kommunestyret 08.11.2018

§ 1 Definisjon

Fyresdal kommune sitt våpen, fastsett i kongelig resolusjon den 24. april 1992 er:

Fyresdal kommune sitt våpen er:
På grøn botn to skråstilte sylvøksar, 1-1.

Fyresdal kommune sitt flagg er:
På grøn botn to skråstilte kvite øksar, 1-1.
Kommunen sitt flagg skal ha kvadratisk form.

Til dekorativ bruk kan våpenet formast som vimpel eller hengande banner. Identiteten og den heraldiske stilen på våpenet må vernast.

§ 2 Generelle føresegner for bruk av våpen

Eigedomsrett og bruksrett:

Våpen og flagg er kommunen sin eigedom.
Privat bruk av kommunevåpen og flagg som rein dekorasjon eller informasjon innandørs, og i media både i trykt og elektronisk form, er generelt tillate.
Ingen andre enn kommunen kan bruke våpen eller flagg som sin eigne merke eller for å kjenneteikne seg eller si verksemd.
Private kjenneteikn eller merke må ikkje bli stilt saman med kommunen sine våpen eller flagg.
Rådmannen kan gje dispensasjon for utandørs bruk og for kommersiell bruk. Kommersiell bruk må vere i samsvar med prinsippet om lik handsaming i offentleg forvalting. Våpen og flagg må vere plassert slik at det er klart at kommunen sjølv ikkje står for kommersielle produkt.
Kommersielle kjenneteikn eller merke må ikkje bli stilt saman med kommunen sine våpen eller flagg.

§ 3 Bruk av våpenskjold

Våpenskjold skal brukast med grøn og sylv farge om ikkje særskilte føresegner er gjeven.
Våpenskjoldet kan brukast som eigemerke på bygningar, bilar og andre føremål. Våpenskjold i fargar kan brukast til jakkemerke m.m. etter løyve frå rådmannen.

§ 4 Bruk av kommuneflagg

Flagget kan heisast som offentleg kjenneteikn når kommunen utøver offentleg mynde, og det kan henge til dagleg på stenger ved kommunale bygningar.
Flagget kan ikkje heisast på private flaggstenger.

§ 5 Bruk av våpen i faner, vimplar og banner

Våpen kan utførast tverrskore eller i vimpelform i bordflagg, vimpel og fane, til bruk som dekorasjon ved kommunale tilstellingar. Utforminga skal godkjennast av rådmannen.

For produksjon og bruk av andre ikkje kommunale organ, som foreiningar, organisasjonar eller bedrifter, kan løyve gjevast av rådmannen etter søknad.

§ 6 Bruk av våpen i stempel og segl

Våpen kan brukast utan skjoldinnfatning med etaten eller institusjonen sitt namn skrive i ein ring langs kanten.
Segl kan framstillast som oblat-segl til bruk på dokument til lukking av konvoluttar m.m.
Utforming og størrelse på stempel/segl skal godkjennast av rådmannen.

§ 7 Utforming av våpenet

Våpenet kan utformast i ulike typar, teknikkar og materiale.
Kvar utforming av våpenet må fylgje dei tekniske og heraldiske kvalitetsnormene med rette fargar, former og proporsjonar.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk