Mål for arbeidsmiljø 2014-2017
Vi skal ha eit godt og trygt arbeidsmiljø, prega av gjensidig respekt, fleksibilitet, fellesskap, og systematisk arbeid for å auke nærværet.
Vi har tru på at vi blir betre saman ved at:
- Alle tilsette er myndiggjorte og tek ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø.
- Alle tilsette bidreg til å skape trivsel og gode mellommenneskelege tilhøve.
- Vi har ei aktiv satsing på helse, miljø og sikkerhet (HMS).
- Vi legg til rette for tilsette i alle livsfasar.
Fyresdal kommune er ei IA-bedrift;
Det vil seie at ein skal legge til rette for eit inkluderande arbeidsliv som har plass til alle som vil og kan arbeide.
Desse oppgåvene ligg til personalkonsulenten:
- overordna personalarbeid herunder lov og avtaleverk, pensjon og sjukeoppfylging
- opplæring
- sekretær i arbeidsmiljøutval og administrasjonsutval