Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nytt frå rådmannen

Epler

September og haustmånad. Moltene er alt i hus, men tytebæra tek nå farge og blir klare for hausting. Dyrsku, jakt, fargeprakt i skog og fjell er noko vi alle set pris på og som vi ville ha sakna om vi ikkje hadde hatt årstidene.

Valgår!

Det ligg ikkje til rådmannen å meine så mykje om politikken, men å kunne slå fast at resultatet av valet vil spele ei stor rolle for kommunane si utvikling og dermed for deg og meg som privatperson er ikkje vanskeleg å ha ei meining om.

Siste stortingsperiode har vore prega av store og viktige endringar både internasjonalt og nasjonalt. Mange kommunar har friviljug slått seg saman med andre kommunar frå 2020, i tillegg til nokre fylkeskommunar. Fylkesmannsembete har blitt lagt ned og slått saman med andre, og nokre kommunar og fylkeskommunar har blitt slått saman utan at dei har bedt om det.

Vest-Telemark svarte på regjeringa si bestilling at dei ikkje ynskte å slå seg saman, men heller satse på eit utvida samarbeid. I skrivande stund ser det heller ikkje ut til å bli mykje av eit utvida samarbeid, og nye rundar med sentralisering, endring av tenestetilbod etc. vil halde fram uansett kven som sit i regjering, men tempoet kan vere ulikt.

Digitaliseringa kjem for fullt. Menneskje blir skifta ut med robotar også i kommunane. Mange oppgåver som i dag blir handsama av menneskje er sterkt regulert gjennom lov og forskrift. Mykje av dette arbeidet vil bli digitalisert og du vil som innbyggjar få dine svar raskt ut frå ein søknad du har sendt frå PC-en din heime. Det er både fordelar og ulemper med dette. Vi er allereie godt kjende med slike elektroniske motorvegar når vi søkjer om lån, forsikringar m.m. Som innbyggjar vil du vere enda meir opptatt av å få eit raskt svar utan å måtte møte opp på eit kontor.

Talet på stillingar i bank og forsikring har allereie gått kraftig ned. Offentleg sektor vil følgje etter og vi ser allereie at NAV på denne måten bygger opp større fageiningar som skal gje brukaren eit svar over PC eller mobil utan bruk av det lokale NAV-kontoret. Dei fleste brukar allereie nettbank, overføring av pengar via mobil, kjøp via mobil, elektroniske lånesøknader og forsikringar. Dette kjem bare til å gripe om seg og behovet for arbeidskraft blir i det minste forskuva til andre oppgåver eller vil forsvinne. Dette er ein del av kunnskapssamfunnet som veks fram etter store endringar i industrisamfunnet.

Hausten er både for privat og offentleg sektor prega av budsjettarbeid. Så også i Fyresdal kommune. Folketalet i kommunen har vokse og er ein viktig del av rammeoverføringane vi får frå staten. Aldri har det vore busett så mange flyktningar i kommunen og fleire har fått fast arbeid. Fleire av familiane har mange ungar som sikrar gode overføringar til kommunen, og da er det også flott å sjå at dei også set pris på dei gode oppvekstvilkåra vi kan gje ungane deira.

Budsjettarbeidet er eit lagspel mellom politikarane og administrasjonen. Formannskapet er frå dag ein inne i arbeidet og på denne måten sikrar ein budsjettprosessen på ein god måte fram mot at kommunestyret i desember vedtek årsbudsjett for neste år og handlingsprogram for dei neste fire åra.

Utfordringane er store. I mange år har det vore vanskeleg å halde driftsbudsjettet nede på omsorg. Liv og helse er viktig og det blir med rette forventa at alle innbyggjarane skal ha gode og trygge tilbod. Det er difor ikkje lett å gjere endringar her som kan føre til at etablerte tilbod blir svekka eller forsvinn. Diverre har det også nå meldt seg eit meirforbruk i barnehage/skule. Mange tilbod våre born får er lovpålagte, og dei mest utsette er uavhengig av kommunen sin økonomi sikra å bli ivaretatt. Det er bra.

I teknisk sektor er det også utfordringar med vedlikehald av vegar, offentlege bygg og bustader. Også her tilsyn frå andre offentlege tilsyn som t.d. Mattilsynet som kontrollerer at drikkevatnet vårt er godt. Er her noko galt får kommunen frist til å utbetre. Slike tilsyn kan difor bli kostbare, men er eit godt hjelpemiddel for rådmannen som tross alt skal levere tenester i samsvar med lov og forskrift. Uventa brekkasjar på kloakk- og vassrør, ekstraordinært vegvedlikehald eller vekst i straumrekningar er ein del av kvardagen og løysast med omplassering av mannskap og midlar. 

Næringsutvikling har å gjere med å skape nye arbeidsplassar og sikre eksisterande. Skal folk kunne flytte til Fyresdal eller bli buande der må dei ha arbeid og da helst i kommunen. Det er ikkje mange ledige kontor att i næringshagen nå, så denne satsinga har vore svært vellykka og mykje kompetanse er samla på ein stad. Folk tek i dag høgare utdanning enn før. Vi har difor fleire døme på at fleire fyresdølar flyter heim att og får kontor i næringshagen. Det er gildt.

Fyresdal kommune er saman med kommunane Tinn og Kragerø definert som omstillingskommunar. Dvs. at Fyresdal kommune nå har fått sin eigen prosjektleiar som heiter Håkon Holtskog. Han starta i jobben 1. september og har allereie vore ute i mange bedrifter. Vi ynskjer Håkon lykke til med å skape 40 nye arbeidsplassar - som er målet for prosjektet som skal gå over 3-6 år.

Eg nyttar høvet til å ynskje alle i Fyresdal ein god haust!

Helsing
Ketil O. Kiland
rådmann

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk