Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Sist endret: 17.06.2019Kontaktavdeling: Avdeling fellestenester

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Fyresdal kommune

Sundag 8. og måndag 9. september

Har du stemmerett?

Du har stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet om du oppfyller eitt av desse krava:

• Du er norsk statsborgar, over 18 år eller fyller 18 år i valgåret og er, eller har vore, registrert busett i Norge.
• Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), over 18 år eller fyller 18 år i valåret og vore registrert busett i Norge sidan seinast 30. juni 2019.
• Du er annan utanlandsk statsborgar, over 18 år eller fyller 18 år i valåret og har vore registrert busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Alle med stemmerett vil stå i manntalet. Fyresdal kommune legg ut manntalet i løpet av juli månad. Det ligg til gjennomsyn og kontroll ved kommuneadministrasjonen i næringshagen og ved folkebiblioteket. Dette blir annonsert i lokalavisa VTb.

Valkort

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført, kva krets du høyrer til og kva opningstider kretsen har. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det gjerne med deg når du skal røyste.

Tidlegstemme

Veljarar som ønsker å stemme i perioden 1. juli til 9. august kan vende seg til kommunen og avtale tid for å stemme. Førespurnaden kan rettast til kva kommune som helst. Hugs å ta med gyldig legitimasjon når du skal stemme.

Førehandststemming

Dersom du ønskjer det, kan du stemme på førehand frå 12. august. Du kan førehandsstemme i den kommunen du sjølv ønskjer. Her finn du alle førehandsstemmelokala: www.valg.no/valglokaler. Dersom du førehandsstemmer i ein anna kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 10. september.

Ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å førehandsstemme. Viss stemmemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få stemme. Dersom du har fått tilsendt valkort, bør du ta med det óg, sjølv om det ikkje er noko krav for å få førehandsstemme.

Du kan førehandsstemme ved kommuneadministrasjonen i Fyresdal Næringshage kl. 08.00–15.00 alle kvardagar frå 12. august til og med 6. september. 
Det blir mogleg å førehandstemme på Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS) 4. september kl. 11.00–12.00.'

Vanskar med å kome til vallokala

Viss du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsstemmelokalet, kan du søkje om å få stemme heime eller der du oppheld deg. Søknadsfristen er 4. september.

Valstyret

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk