Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Postlister

Sist endret: 26.01.2016Kontaktavdeling: Avdeling fellestenester

Velkomen til Fyresdal kommunes offentlege postjournal på nett.
Journalen inneheld ei oversikt over inngåande og utgåande post i kommunen.

Klikk her for postliste

Journalen inneheld informasjon om dokument for alle avdelingane utanom dei som er klient,- brukar- eller pasientretta. Her gjeld partsinnsyn og er heimla i forvaltningslova § 18.

Postjournalen er tilgjengeleg to dagar etter at dokumentet er registrert.

Opplysingar om dokument som er tre månader eller nyare, kan du søkje fram direkte på eInnsyn Postliste og fylle ut bestillingsskjema. Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Du kan krevje innsyn i dokument eldre enn tre månadar skriftleg eller munnleg jf offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak.

 Kontaktinformasjon:
 Telefon: 35 06 71 00
 E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no
 Elektronisk skjema: Oppmoding om innsyn

Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid. 

Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32. Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk