Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Heimesida vår – god eller dårleg? Tja…

Då heimesidene til Vest-Telemarkkommunane vart designa for nokre år sidan, var fokuset på "søk", slik som på Google. Nyttar du søkefeltet midt på framsida skal du i regelen få treff på det du måtte ynskje å søke på – vel og merke som høyrer heime på ei kommunal heimeside. Dersom du derimot ikkje får treff, ynskjer vi sjølvsagt at du gjev oss beskjed om dette via "Var denne sida nyttig?" som du finn nedst på artiklane på heimesida.

Tilbakemeldingane frå dykk er viktige, men det er helst konstruktive kommentarar som kan hjelpe oss vidare. Kommentarar som "elendig heimeside" gjev oss dessverre ikkje så mykje.

Det aller meste av tenester og informasjon ligg under "Tenester", men med såpass mykje informasjon på ein plass, mange menyar og fleire underkategoriar kan det hende ein må klikke nokre gonger før ein kjem dit ein vil og skal. Under "Skjema" finn du alle søknadsskjema som kommunen tilbyr.

Når det gjeld postlister og innkallingar og protokollar til politiske møte ligg desse i ei eiga innsynsløysing kalla ephorte eInnsyn. Dei ligg altså ikkje på sjølve heimesida og er såleis ikkje søkbare her. Ein må inn på den eksterne løysinga for å kunne søke seg vidare til ynskja møte eller møtedato. Fyresdal kommune tok i bruk ephorte eInnsyn fyrste kvartal 2016, så slik har det altså vore ei stund. ephorte eInnsyn er ein modul for innsyn i postjournal og utval som er uavhengig av organisasjonens portal for internett og intranett. 

Heimesida vår er universelt utforma. Som offentleg verksemd må vi følgje regelverket om ein universelt utforma nettstad. Den gamle heimesida vår var såleis utdatert på fleire område.

Ei vidareutvikling og forbetring av heimesida er på gang, dette er noko vi også ynskjer oss, men vi må foreløpig smøre oss med tolmod ettersom slike ting kostar både tid og pengar.

Lurar du på noko? Ta kontakt! Vi hjelper deg gjerne!

Web page

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk