Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Interkommunal pårørandeskule

Fyresdal pleie- og omsorgssenter inviterer pårørande til personar med demens, og andre som har interesse av å høyre meir om demens, i Fyresdal, Tokke, Nissedal og Kviteseid til interkommunal pårørandeskule på Fyresdal pleie- og omsorgssenter hausten 2017.

Det er ingen deltakaravgift, men påmelding innan 4. september til Fyresdal pleie- og omsorgssenter på telefon 35 06 71 67 eller til gruppeleiar på avdeling Nordstøg, Gry S. Åmlid, på telefon 35 06 71 53 / 35 06 71 55 eller e-post gry.bergland@fyresdal.kommune.no.

Ingen eksamen! Samlingane vil bestå av førelesingar med tid til spørsmål og samtale.

4 onsdagar på rad:

6. september kl. 18.00-21.00:
Ulike demensdiagnoser, medisinering og behandling. Ved overlege Ulrike Sagen ved Alderspsykiatrisk, Sykehuset Telemark.

13. september kl. 18.00-21.00:
Korleis ta vare på seg sjølv som pårørande i møte med alvorleg sjukdom. Ved sjukehusprest Terje Talseth Gundersen og prostdiakon Eilev Erikstein.

20. september kl. 18.00-21.00:
Miljøbehandling, samtykkekompetanse og verjemål. Ved sjukepleiar Vigdis Aaltvedt.

27. september kl. 18.00-21.00:
Pårørandehistorie ved Aage Håtveit. Demensforeningen i Kviteseid. Kommunalt tilbod ved tenestekontoret.

Bevertning, kake, kaffe og te.

Saman vil vi prøve å gjere samfunnet meir demensvenleg, både for personar som vert ramma av demens og deira pårørande.

Vel møtt!

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk