Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tannlege til bygda att

Etter at Svein Engvoldsen blei pensjonist tidlegare i oktober er det per dags dato ikkje tannlegeteneste i bygda. 

Fyresdal kommune har no gåande ein dialog med fylkeskommunen og fylkestannlegen, og det vil snart bli lyst ut ei stilling som offentleg tannlege i Fyresdal. Drifta bør vere i gang i løpet av første kvartal 2018. 

Heile tannlegelokalet vil bli pussa opp, i tillegg til at alt utstyr vil bli bytta ut med nytt, inkludert topp moderne røntgenutstyr.

Tannhelsetenesta skal først og fremst vere for dei som har rett på eit slikt tilbod; barn, unge og eldre. Det er desse som det offentlege har ansvaret for. Vidare er planen at tilbodet er ope ein dag i veka for andre folk. Tenesta vil totalt utgjere om lag 50 prosent stilling.

Tannlege

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk