Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gimle skule

Gimle skule er ein 1-10 skule med 173 elevar (per 21.08.2017).


Skulen ligg midt i Fyresdal sentrum, i nærleiken av helsehus, barnehage, bibliotek, symjehall og samfunnshus. Midt i smørauga med andre ord. Her er også kort veg til sentrum med butikkar, bygdemuseum og næringsliv.

Hausten 2011 flytta vi inn i nyrenovert skule. Skulen er lys og triveleg og godt utstyrt. Uteområdet er og blitt heilt nytt. Her er skatebane, leikeapparat, ulike fotballbanar og mange tre og buskar. Dette er eit uteområde som stimulerer til høg aktivitet og trivsel.

Nytt i år er og Hamaren aktivitetsområde, eit flott friluftsområde tilrettelagt for både vandring, sykkel og leik i direkte tilknyting til skuleområdet.

Skulen jobbar i utviklingsprosjektet "Gimle i utvikling" (GiU) med lesing som fokusområde.

Vi er også ein fleirkulturell skule med både elevar og tilsette frå mange ulike land og kulturar.

Tilpassa opplæring står sentralt.

Etter skuletid er det SFO og kulturskulen som overtek skulebygget og uteområdet.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk