Nye reglar blei vedtatt i kommunestyre 15.12.2022 og gjeld frå 01.01.2023.

Felles for alle tilskota

  • Satsane gjeld ut frå det som til ei kvar tid er godkjent av kommunestyret.
  • Det skal aktivt informerast om reglane for tilskot frå Fyresdal kommune.
  • Eigaren/søkaren må vere fast busett i Fyresdal kommune før tilskotet blir utbetala.
  • For tiltak som krev løyve etter plan- og bygningsloven, eller anna lovverk, skal slikt løyve som hovudregel vere gjeve før arbeidet/tiltaket blir starta.
  • Søknad om tilskot må vere sendt/levert til Fyresdal kommune før tiltaket blir iverksett. Tilskot blir utbetalt mot dokumentasjon etter at tiltaket er gjennomført.
  • Tvilstilfelle avgjerast av formannskapet.

Lønstilskot til sommararbeid for skuleelevar

Heileigde kommunale selskap treng ikkje ha tilhald i Fyresdal.
Private eller offentlege verksemder, eller private personar i Fyresdal, som tek inn skuleungdom frå Fyresdal som er mellom 16 og 19 år i kalenderåret får eit lønstilskot på:
 
1. 50 % av utbetalt timeløn, maks kr 65,- pr. time for arbeidstakarar mellom 16 og 19 år. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon, siste frist for innsending av dokumentasjon er 15. oktober. Det skal også dokumenterast at arbeidsgjevaravgift og eventuelt skattetrekk er innbetalt. 
2. Verksemder søker kommunen før 20. mai om å ta inn namngjevne personar. Det kan godkjennast inntil 150 timar for kvar arbeidstakar for arbeid i perioden juni, juli og august. Kommunedirektøren godkjenner søknadane innanfor avsette midlar i budsjettet.
3. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til ungdom i eigen familie, dvs. born og borneborn. Dette gjeld ikkje for næringsdrivande som er registrerte i arbeidsgjevarregisteret.
4. Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar.
5. Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane. 
6. Brot på arbeidsavtala kan føre til inndraging av innvilga tilskot.
7. Det blir ikkje gjeve lønstilskot til lag og organisasjonar.
8. Arbeidsgjevar må avklare med arbeidstakar om vedkomande skal arbeide for annan arbeidsgjevar i tillegg. Der dette er aktuelt må arbeidsgjevarane bli samde om fordeling av 150 timar.

Støtte til oppkøyring av skiløyper

1) Den som tar på seg oppkøyring av skiløyper i Fyresdal kommune må, for å kunne få kommunal støtte til dette:
a. ha skriftleg avtale med grunneigar
b. naudsynt løyve til å køyre snøskuter i det aktuelle området
c. ha vikarordning som sikrar oppkøyring ved fråvær, sjukdom og liknande
d. ha ein kontaktperson for kvar løype/kvart område det blir søkt støtte for
e. føre logg med dato og lengde for kvar oppkøyring
 
2) Løypene det blir søkt tilskot for skal vere oppkøyrde med sporleggar til kvar helg i januar, februar, mars og april, når temperatur- og snøtilhøve tilseier det. I vinterferien og påskeferien skal løypene vere preparerte for skigåing kvar dag.
 
3) For skiløypenettet på Øyane er det ikkje krav til føring av logg. I dette løypenettet skal det vere løypetrasé for både skøyting og klassisk langrenn.
 
4) Som støtte til oppkøyring av løypenettet på Veum øyremerkast kr 30 000,- gjennom dei årlege kulturmidlane. Støtte til andre skiløyper, f.t. kr 80 000,- fordelast gjennom ein fordelingsnykel basert på antall køyrde km gjennom sesongen.
 
5) Utbetaling skjer på grunnlag av skriftleg søknad med:
a. ei enkel evaluering av sesongen med omtale av spesielle problem med å halde løypene oppkøyrte i samsvar med krava for tilskot
b. oppgåve over totalt køyrde kilometer
c. kopi av logg for køyring.
 
Søknad om støtte sendast Fyresdal kommune innan 1. mai kvart år.

Tilskot til sanitæranlegg og energieffektivisering

1. Det vert gjeve tilskot til oppgradering av eksisterande kloakkanlegg tilhøyrande heilårsbustader som ikkje kan koplast til kommunalt anlegg, på 50 % av dokumenterte kostnader, inntil kr 30 000,-. 
 
2. Det vert gjeve tilskot til etablering av solcelleanlegg, vedfyringsanlegg, varmepumpeanlegg (luft til vatn og vatn til vatn), med inntil 10 % av kostnadane, maks kr 20 000,-. Gjeld for bustadhus.

Tilskot til vedlikehald av private vegar

1. Det vert gjeve eit årleg tilskot til private vegar med fast busetnad. Tilskotet er kr 8,- pr. m veg, til frådrag kjem kr 800,- pr. husstand langs vegen.
 
2. Veglengda vert rekna til siste fastbuande registrerte i folkeregisteret.
 
3. Minste veglengde er 200 m.
  • Veglengde frå 200 til 300 m, må ikkje ha fleire enn 2 husstandar
  • Veglengde frå 300 til 400 m, må ikkje ha fleire enn 3 husstandar
  • Veglengde frå 400 til 500 m, må ikkje ha fleire enn 4 husstandar
  • Veglengde frå 500 til 1000 m, må ikkje ha fleire enn 6 husstandar
  • Veglengde over 1000 m har ikkje krav til talet på husstandar.
4. Den ansvarlege for veganlegget er pliktig til å gje kommunen opplysningar snarast råd om endringar i føresetnadane som vil påverke utrekninga av tilskotet.
 
5. Ved fleire husstandar langs vegen skal det opprettast eit veglag med eigen bankkonto som tilskotet blir utbetalt til.
 
6. Etter at eit veganlegg er godkjent for tilskot, vert det utbetala innan 1. mai kvart år.
 
7. Napevegen får et årleg tilskot på kr 15 000,- som skal dekke bompengar for innbyggarane i Fyresdal.