Merk at det er lovpålagt å melde ifrå om ei kvar påkøyrsle, og at alle viltpåkøyrsler skal meldast til politiet.

Om uhellet er ute, og du har køyrd på eit dyr, er dette viktig:

  • Set på naudblink, tak på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
  • Skaff deg oversikt over eventuelle personskadar, og ring 113 om hjelp er naudsynt.
  • Sjekk om dyret ligg i umiddelbar nærleik til skadestaden.
  • Ring politiet på 02800 for å melde frå om hendinga. Politiet tek kontakt med jegerkorpset, som har kyndige folk for ettersøk og eventuell avliving.
  • Marker skadestaden med ein plastpose eller liknande, slik at ettersøkspersonell kan finne staden dyret vart påkøyrd.