Elgen byrjar no å trekke ned i dalen, og det er stor elgfare fleire stader i Fyresdal!

Mellom Snarteland og Verpet kryssar det stadig elg, desse står gjerne ved rundballane ved Lund. Også på strekninga Skarkerud–Roan Kroa–Krossli er det meldt om nestenulykker.

Saman med glatte vegar kan her fort oppstå farlege situasjonar.

Senk farten – elgen kjem fort!