Frå 15.12.2019 blei det innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Kili i Birtedalen. Matavfallsposar blir plassert i vatntett behaldar ved informasjonstavla på plassen. Hugs at bioposar for matavfall er «ferskvare», så ein bør ikkje ta fleire rullar enn dei ein har tenkt å nytte nokre månader fram i tid.

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lengre vere mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Det blir eigne konteinarar for restavfall, plast, papp/papir, glas- og småmetall, samt eigne dunkar for matavfall. Restavfall og plast skal vere «innpakka» og kastast i vanlege plastposar.