Fyresdal kommune minner om dei generelle reglane for fyrverkeri, jf. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Aldersgrense:

  • Stjerneskudd kat. 1. små, 12 år.
  • Alt anna fyrverkeri, 18 år.

Lovleg tid for avfyring: 

  • Bare nyttårseftan mellom kl. 18.00 og 02.00.
  • Pinnerakettar er ikkje lovleg å bruke.

Nokre hugsereglar for avfyring av fyrverkeri:

  • Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid.
  • Les bruksanvisninga nøye før bruk.
  • Kontroller at fyrverkeria ikkje er skada.
  • Sørg for at fyrverkeria ikkje kan velte.
  • Bruk tennstav.
  • Bruk beskyttelsesbriller.
  • Bøyg deg aldri over fyrverkeri som er tent på.
  • Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt, dersom det ikkje tenner ved fyrste forsøk.
  • Hald god avstand frå oppskytinga.
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Godt nytt år!