For 23. året på rad blir det invitert til Svøm langt – ein nasjonal mosjonskampanje for alle!

I løpet av årets tre første månader skal vi symje heile vegen til Malaga – saman! Målet med kampanja er å skape gode mosjonsvaner hos befolkninga og motivere til å bruke symjehallen som arena for fysisk aktivitet. Anten du er ung, gamal, funksjonsfrisk eller har nokre ekstra utfordringar, er du velkomen til å delta.

Norges Svømmeforbund har i år overlatt stafettpinnen til Alexander Dale Oen Arena. Nytt for årets Svøm Langt er at alle deltakarar må registrere symjinga si på svomlangt.no (og ikkje via registertingskort som før). Du kan eventuelt laste sida ned som ein web-app til telefonen din for enklare tilgang. Her kan du registrere deg som deltakar.

Svøm deg til Malaga...

I år er hovudpremien ein ferietur til Malaga. Premien består av to separate gåvekort (verdi kr 12 500,- og kr 25 000,-) og blir delt ut både i vaksenklassa og barneklassa. I tillegg til kampanjevinnarar blir det også trekt ut vekesvinnarar frå fyrste veke.

Lykke til!