Ein av legane våre har eit års permisjon og vi søkjer etter vikar i hans stad;

ID 551: Kommunelege i 100 % vikariat i fastlønna allmennpraksis for perioden 01.03.2020–31.08.2020.

Vi kan tilby:

  • Eit helsesenter der mykje av helsetenesta er samla. Det samla fagmiljøet består av to kommunelegar, turnuskandidat, to fysioterapeutar, sjukepleiar, helsesekretær, helsesjukepleiar, jordmor, psykiatrisk sjukepleiar og psykiatrisk hjelpepleiar. Helsesenteret er godt utstyrt med ultralyd, spirometri m.m. Vi nyttar Infodoc som fagprogram. Tannlegekontoret held og til i same bygg.
  • Helsesenteret samarbeider tett med pleie- og omsorgssenteret.
  • Svært velutstyrt ambulanse og god ambulanseteneste i kommunen. Legevaktsamarbeid med Arendal kommune. KAD-plass på pleie- og omsorgssenteret.
  • Du finn mykje informasjon om kommunen her på heimesida vår og på Facebooksida vår.

Vi ynskjer:

  • Ein positiv og fagorientert lege med gode samarbeidsevner, fagleg tryggleik og gode norskkunnskapar.
  • Spesialisering innan allmennmedisin/indremedisin.

Arbeidsoppgåver:

  • Kurativ verksemd.
  • Tilsynslege på pleie- og omsorgssenteret (20 %).

Tilsetting i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk.

Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

Spørsmål?

For meir informasjon om stillinga, kontakt avdelingsleiar helse og omsorg Anne Veum på 35 06 71 15 / 951 77 421.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. februar 2020.