Dersom du tenker å skrive eit brev til oss, som kanskje inneheld personopplysningar, vil vi minne om moglegheiten for å bruke eDialog.

Fordelane med eDialog er fleire:

  • Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal.
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar.
  • Innsendt informasjon blir sendt rett i saks- og arkivsystemet.

PS. Du skal ikkje nytte edialog dersom vi har elektroniske skjema som passar til føremålet, til dømes søknad om plass i barnehage. 

E-post til postmottak@fyresdal.kommune.no kan sjølvsagt fortsatt nyttast til enkle spørsmål.