For å jobbe med eiga sorg over nedlegginga av leiren, har Eilev Erikstein laga ein podkast kalla "Siste dag i Kleivgrend". Episoden er ein del av podkast-serien "Diakonalgang", der Eilev og Ivar Solbu (nå pensjonert diakon i Sauherad) mellom anna reflekterer over kva diakoni er.

Eilev sitt ynskje med denne episoden er å gje attende til tilsette, innsette, bygda, kommunen, kyrkja og alle andre at det ein fekk til i leiren var viktig, også i eit nasjonalt perspektiv.

Eilev vil spesielt takke Torleiv Hvistendahl, Anders Anundsen, Anette F. Halvorsen og Liv B. Kiland for medverknad i episoden.