Ein engangsgrill blir rekna som eit bål og er ikkje tillatt å bruke i skog og utmark i perioden 15. april til 15. september.

Ein eingangsgrill kan likevel nyttast på bål- og grillplassar som er lagt til rette for dette, eller på stader der det er opplagt at eingangsgrillen ikkje vil starte ein brann.

Under eingangsgrillen blir det veldig varmt og underlaget kan ta fyr. Eingangsgrillen skal plasserast på ikkje-brennbart underlag, som fjell eller stein.

Bruk hovudet! Er det tørt i terrenget? Kan varmen frå grillen skade underlaget eller antenne gras eller lyng? Hald alltid oppsyn med grillen!

Etter bruk skal grillen sløkkast heilt med vatn.
PS. Bruk så mykje vatn at du synes det er greit å putte den brukte grillen i sekken etterpå!