Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsatt for vald eller overgrep frå ein partner, familie eller andre du har eit nært forhold til. Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Sentera tilbyr tryggleik, sikkerheit, råd og rettleiing til kvinner, menn og barn.

Krisesentera tilbyr ein trygg stad å bu i ein begrensa periode, men har også eit tilbod for dei som ikkje treng å bu der. Det er gratis å få hjelp og bu på krisesenteret. Du kan oppsøke senteret direkte, utan timeavtale eller liknande.

Alle krisesentera fylgjer corona-reglane og er heilt trygge å bruke.

Tilbodet består av:

  • Samtaler
  • Hjelp til kontakt med hjelpeapparatet
  • Informasjon om rettigheiter og moglegheiter
  • Rettleiing (inkludert juridisk rettleiing)
  • Samtalegrupper og aktivitetstilbod
  • Oppfølging

Du kan også ringe krisesenteret for å få råd. Du kan vere anonym, det vil seie at du treng ikkje å seie kva du heiter når du kontaktar eit senter. I tillegg kan både pårørande til valdsutsatte, det offentlege hjelpeapparatet, skular osv. ta kontakt for å få informasjon om hjelpetilbodet eller svar på spørsmål.

Dei som jobber ved krisesentera har relevant utdanning og/eller erfaring med arbeid med vald og overgrep. Dei tilsette har taushetsplikt og har difor ikkje lov til å dele opplysningar om deg med andre, utan at du gjev løyve til det eller det er fare for liv og helse. Andre som brukar senteret har heller ikkje lov til å fortelje vidare det dei får vite om deg. Krisesentera tilbyr tolk når det er behov for det.

Alle kommunar er pålagt å ha eit krisesentertilbod. Ofte samarbeider fleire kommunar om eit krisesenter. Dei fleste krisesentera er tilrettelagt for brukarar med nedsatt rørsleevne, og kommunen må finne alternative løysingar dersom tilbodet ikkje er tilrettelagt. 

Her finn du oversikt over alle landets krisesenter

Her finn du meir informajson om krisesenteret i Telemark

Her kan du sjå ein film om korleis du blir møtt på eit krisesenter