Til deg som er turist i Fyresdal - anten tilreisande turist eller turist i eiga bygd:

Allemannsretten er eit gratis fellesgode som er ein del av kulturarven vår. Den gjev alle rett til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg. Utmark er enkelt forklart skog, myr, fjell og kystområde, medan innmark er område som hustomter, hagar, gårdsplassar og jorde.
 
Alle som brukar allemannsretten pliktar å opptre med omsyn og varsemd, slik at ein ikkje gjer skade eller skapar ulemper for andre:
  • Rydd opp etter deg!
  • Ver venleg å bruk toalettet i campingvogna di eller bubilen din.
  • Ver varsom med bruk av eld. Hugs forbodet mot å gjere opp eld i tidsrommet 15. april-15. september i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan løyve frå kommunen. Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det heilt klart ikkje kan medføre brann.
  • Hugs at nokre sjeldne artar av bær, sopp og blomar er freda mot plukking.

Allemannsretten omfattar ikkje ferdsel med motorkøyretøy i utmark: Du kan fint parkere i utmark langs offentleg veg, men du har ikkje lov til å køyre ut i naturen.

Når det gjeld kor lenge du kan bli, gjeld dei same reglane for bubil og campingvogn som for telt: Med mindre du har grunneigars samtykke, kan du ikkje overnatte i meir enn to døgn.

Alle har plikt til å sete seg inn i dei lovar og reglar som gjeld.

Her kan du lese om allemannsretten og reglane for overnatting i naturen:

God sommar!