På grunn av korona har Gimle skule dessverre ikkje høve til å ha open skule som vanleg denne hausten. Elevane på Gimle jobbar likevel med solidaritet, og dei er nå i full gang med alternativ open skule.

Pengane dei samlar inn vil gå til studiestøtte til Nunh i Laos, som er fødd 27. mai 2005, og til SOS barnebyer, til landsbyen SOS Children’s Village Pleiku i Vietnam.

  • Småsteget har ulike arbeidsoppgåver og aktivitetar heime, og heimane blir oppmoda til å gje bidrag.
  • Mellomsteget gjennomfører «Gimleløpet» fredag 13. november, der nettverket rundt elevane byr ein sum på elevane og betalar inn etter gjennomføring.
  • Ungdomssteget hadde «Innsats for andre-arbeidsdag» måndag 9. november. Dei skulle då skaffe seg ein arbeidsgjevar der dei jobba for ei innbetaling til solidaritet.
Har du også lyst til å bidra til dette viktige arbeidet?
 
Vipps bidraget ditt til #537948 (Fyresdal kommune).
Hugs å merke betalinga «Open dag Gimle».
Tusen takk!