Heiderleg omtale til Tretoppvegen!


Innovasjonsprisen for inkluderande design delast ut av DOGA kvart tredje år, på oppdrag for Kultur- og likestillingsdepartementet. Prisen delast ut til verksemder, arkitektar og designarar for nyskapande og inkluderande løysingar som bidreg til eit meir likestilt samfunn. I samband med årets utdeling av innovasjonsprisen gir DOGA heiderleg omtale til 12 inkluderande innovasjonsprosjekt - og Tretoppvegen her i Fyresdal er eit av dei! Juryen er imponert over kva Fyresdal kommune har fått til saman med Faun Naturforvaltning og Effekt Arkitekter:«Fyresdal kommune har ikke holdt noe tilbake med denne unike stien som tar oss til toppen av trekronene, og til storslagen utsikt over den omkringliggende, vakre naturen. Ved å tenke muligheter og ikke begrensninger, har kommunen skapt en helt unik og storslått attraksjon. Tretoppvegen setter universell utforming i sentrum, samtidig som den bidrar til god bygdeutvikling». Du kan lese meir om den heiderlege omtala på doga.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?