Ynskjer å kartlegge tilbod til turistar for komande sesong


Vi har behov for å kartlegge bedrifter og privatpersonar som vil tilby overnatting, servering, mat og andre opplevingar til turistar i 2024. Dette skal vi m.a. bruke til å utbetre dagens nettside knytt til reiseliv, www.visittelemark.no/fyresdal Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Vi skal også jobbe fram litt nye konsept innan reiselivet, og vil gjerne høyre frå dykk så fort som mogleg, då sesongen er rett rundt hjørnet! 



Ynskjer DU å selje produkt, oppleving, overnatting, mat eller andre tenester? Send ein e-post til Gerd Straume på gerd.straume@fyresdal.kommune.no Åpnes i nytt vindu. (gjerne så snart som råd). 



Marknadsråd i regi av Visit Telemark 14. mars



Vi ynskjer samtidig å invitere til eit såkalla marknadsråd i regi av Visit Telemark! Dette vil gå føre seg torsdag 14. mars kl. 17.00-19.00 i Fyresdal Næringshage (møterom Roan). Alle som har planar knytt til reiseliv er hjarteleg velkomne! 



Agenda for kvelden: 



  • Velkomen  
  • Siste nytt frå kommunen ved Gerd 
  • Nytt frå Visit Telemark  
  • Partneravtale med Visit Telemark 
  • Status nettside 
  • Eventuelt 



Marknadsrådet er ope både for medlemmer og ikkje-medlemmer.  



Påmelding til gerd.straume@fyresdal.kommune.no Åpnes i nytt vindu. eller 90 59 18 36. 



Velkomen!


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?