Audiograf

Sjukehuset Telemark og kommunane i Vest-Telemark har ei ordning med ambulerande audiograf om lag ein dag i månaden. Audiografen held til på Fyresdal helsehus.

Det er mogleg å få utført:

  •  Audiogram (hørselstest) 
  • Avtrykk til propp 
  • Tilpassing og oppfylging av høyreapparat (både for nye og eksisterande brukarar) 

Eigenandel etter gjeldende takster - for brukarar som ikkje har frikort eller bur på institusjon.

Timebestilling:

For timebestilling, ta direkte kontakt med Sjukehuset Telemark på telefon 35 00 33 19.

Andre spørsmål:

Ved andre spørsmål, ta kontakt med Nina Midtgarden på telefon 97 76 02 45, eventuelt via heimesjukepleia på 91 77 70 48.

Optikar

"Din Mobile Optiker" kjem til veslesalen på samfunnshuset ca. 1 gong i månaden.

Optikeran utfører mellom anna utmåling av synsfeil, kontroll av samsyn, trykkmåling og inspeksjon av ytre og indre øye.

Timebestilling gjer de direkte med optikeran på mobilnummer 40 09 22 85.

Datoar for våren 2024 er som fylgjer:

  • Tysdag 16. januar
  • Tysdag 6. februar
  • Tysdag 27. februar
  • Tysdag 19. mars
  • Tysdag 9. april
  • Tysdag 30. april
  • Tysdag 21. mai
  • Tysdag 11. juni