Barna i Fyresdal barnehage har måla eit bilete saman med Judith på Merleyn. 

Biletet ynskja dei å auksjonere bort, og gje inntekta til barn frå Ukraina. 

Fyresdal kommune har vedteke å busette flyktningar frå Ukraina, og inntekta frå auksjonen ville barnehagen derfor gje til Fyresdal Røde Kors merkt flyktningarbeid.

--- --- ---

Auksjonen starta onsdag 25. mai og blei avslutta 15. juni 2022.

--- --- ---

Innkomne bod

25.05.2022: Utropspris 850,-
30.05.2022: Faun Naturforvaltning kr 2000,-
04.06.2022: Fyresdal Røde Kors kr 2500,-
14.06.2022: Faun Naturforvaltning kr 3000,-

--- --- ---

Då auksjonen var avslutta var barnehagen hos Faun for å overrekke biletet.

Barnehagen takkar for gode bod og gratulerer til Faun!

Ein stor takk også til Fyresdal Røde Kors som vil gje same summen (kr 3000,-) til same formål.

Bilete Merleyn BHG FAUN