Avlasting

Har du omsorgsoppgåver som gjer at du har behov for avlasting? 

Kommunen kan til dømes gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastingsopphald i eller utanfor institusjon. Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt. 

Vilkåra er at du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:

  • Dersom du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid.
  • Dersom omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg.
  • Dersom omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen.

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søke om avlasting. 

Tenesta er gratis.

BPA - brukarstyrt personleg assistanse

Er du sterkt funksjonshemma eller er under 67 år med eit langvarig og stort behov for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, har du rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Personleg assistanse omfattar praktisk bistand og opplæring og støttekontakt. Retten til avlastingstiltak gjeld for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne. Innanfor det timetalet du får tildelt, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistentan(e) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv. 

Brukarstyrd personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på for personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse. 

Heimehjelp

Du kan søke om heimehjelp dersom du treng praktisk hjelp til reingjering og handling.

Det kan vere hjelp til å bestille hushaldsvarar, eventuelt få desse levert på døra, å få levert varm middag eller kald middag for oppvarming, og hjelp til vask av klede, oppvask, husvask og vask av vindauge.

Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. 

Heimehjelp er ei betalingsteneste der kostnadsnivået blir basert på brukarens inntekt.

Heimesjukepleie

Heimesjukepleia gjev pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim.

Heimesjukepleia kan til dømes hjelpe med dusj, personleg stell eller administrering av medisin.

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.  

Tenesta er gratis.

TTF - tiltak og tenester for funksjonshemma

TTF er eit bufelleskap for vaksne med utviklingshemming.

Det er tilknytt 4 leilighetar med eit fellesareal, der den eine av dei leilighetane blir bruka som avlastning. Her er det døgnbemanning. 
 
Vi har også avlastning for foreldre til barn med ulike diagnoser og utfordringar.