Aktivitetsparken på Århusjordet

Aktivitetsparken på Århusjordet blei offisielt opna 19.06.2014.

Aktivitetsparken skal vere eit tilbod til alle innbyggjarar, unge og eldre, dei sporty, og kanskje dei litt mindre sporty. 

Aktivitetsparken er open for alle, men er spesielt tilrettelagt til utandørs trening for vaksne. 

Du finn aktivitetsparken rett ved Spar Fyresdal.

Avslappande strandliv

Fyresdal om sommaren - eit annleis, men ekte sommarparadis mellom høge fjell og grøne skogar. Fyresvatn tilbyr kvite strender og klart vatn. Dei fleste områda for bading er lett tilgjengelege og er populære både blant bygdefolket og dei besøkande.

Bryggeparken

Ved brygga i sentrum finn du "bryggeparken" med strand, grillar og strandvolleyballbane. Offentleg toalett er tilgjengeleg utanfor næringshagen (austfløyen).

Stykkjevika

Heilt i nordenden av Fyresvatn finn du Stykkjevika, ei 700 meter lang "sydenstrand". Her er langgrunt og ypperleg for både små og store badeløver. Utedo er tilgjengeleg. Ver merksam på at Stykkjevika er privat grunn og at oppsett bom må respekterast. 

Mange fine bortgøymde perler

Ynskjer du din eigen private stad for å nyte sola og vatnet er det mange bortgøymde perler å finne. Leiger du deg ein kano, kan du til dømes padle til ein av dei små øyane som ligg i innsjøen.

Allemannsretten

Allemannsretten gjev oss fantastiske moglegheiter til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Og dette har vi full rett til, så lenge vi tar omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Allemannsretten seier mellom anna noko om kor du kan gå tur, kor du kan bade og kor du kan sette opp telt. Til dømes er det slik at eit telt maksimalt kan stå oppe i to døgn, med mindre du får grunneigars samtykke til å telte der lengre. Du kan lese meir om allemannsretten på norskfriluftsliv.no.  

Bispevegmarsjen

Kvart år sidan 1982 har Valle IL og Fyresdal IL arrangert «Bispevegmarsjen». Dette er ein organisert turmarsj som startar ved Nøs før Øysædammen i Fyresdal, og avsluttast ved Valle skule. 

Tvers over fjellet og dalen gjeng ein gamal veg. Bispevegen. Namnet har den frå den gongen bispane hadde ferdselsvegen sin her. Geistligheiten kom med evangeliet austfrå, og det bar mot slutten på deira lange reise gjennom bispedømmet. P.A. Munch skriv at dette var "den fjeldvej, som bisperne, da Thelemarken lagdes til Stavanger stift, fandt mest brugt og passabel". I 1270 var Setesdalen og Telemark under Stavanger bispestol. Ein trur at det ikkje er så mange bispar som har ridd eller trava over Austheiane. Vi veit at biskop Jens Spidberg reiste over Austheia i 1761, og at biskop Jacob von der Lippe skal ha vore den seiste geistlege som nytta seg av Bispevegen. Men ikkje bare geisligheiten sveitta seg over fjellet, pilgrimane vandra på snaufjellet og gjennom dalen, barbeinte, eller tre stig fram og eit tilbake for dermed å gjera botsgangen sers verknadsfull. Men vi gjeng utifrå at vegen har vore i bruk lenge før 1270, og at den etter alt å døme var eit viktig bindeledd mellom Aust- og Vestlandet.

Bispevegen var også friar- og bryllupsveg - viktig for å motverke inngifte, som i lange periodar var eit problem for valldølane.

Fjellvegen frå Valle til Fyresdal er bortimot tre mil lang, og dølane måtte belage seg på ein lang tur. Stigen er godt varda og sidan slutten på tjugeåra har turistforeninga merka den med sin karaktersistiske raude T. Det seiast at dølane bruka å kalle vardane for bispar, og verdige ser dei ut der dei peikar ut retninga i landskapet. Ein av biskopane som drog over fjellet ein gong spurde ein gut som var med på ferda om grunnen til dette: «Jau», sa guten, «dai stende der å syne veijin, men sjave gange dai han inkje».

Bispevegen startar ved garden Jordet i Valle og gjeng fram til garden Lien i Kleivgrend.

I 2002 vart marsjen arrangert for 20. gong. 

UT.no: Bispevegen frå Fyresdal i Telemark til Valle i Setesdal

Ta kontakt med Valle IL eller Fyresdal IL for informasjon om dato for årets marsj.

Bygdedagen

Fyrste laurdagen i juni kjem folk frå heile Vest-Telemark til marknad og folkefest i Fyresdal!

Stemninga er god - det er sal av lokalprodusert mat, underhaldning, konkurransar, veteranbilkortesje, loppemarknad og mange spanande varer å få kjøpt.

Velkomen til Øyskogen og Folkestadbyen! 

Fylg gjerne Bygdedagen i Fyresdal på Facebook

Bær og sopp

Skogane i Fyresdal er rike på bær og sopp som berre ventar på å bli plukka og ete. Dei mest vanlege bæra er blåbær, tyttebær, bringebær og molter og den mest vanlege soppen er kantarell. 

Alt dette veks i skogane eller innpå heia, og er som regel klart for å bli plukka seint om sumaren eller tidleg på hausten. Nyt den friske smaken av norsk natur - den smakar fantastisk! 

Jakt og fiske

Med over 500 fiskevatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett. 

Fiskeguide og fiskesoner

For å gje nettopp deg den ultimate opplevinga har vi laga ein fiskeguide for kommunen. For å kunne drive ei aktiv fiskeforvaltning vert det selt fiskekort til inntekt til Fyresdal Fiskefond. Fyresdal er delt inn i 5 fiskesoner, der ein kan kaupe kort for kvar sone, eller for heile kommunen under eitt.

Lange jakttradisjonar

Jakt har lange tradisjonar i Fyresdal, og hausten er for mange den verkelege "høgtida" i året. All grunn i kommunen er i dag i privat eige, med andre ord har vi ikkje statsgrunn, allmenningar eller liknande eigedomsform i Fyresdal. Dette gjer at all forvaltning og jakt er grunneigarstyrt, og eventuell utleige av jakt blir gjort av grunneigar åleine. I Fyresdal kan ein jakte på alle tradisjonelle viltartar som elg, rein, hjort, rådyr, hare, bever, skogsfugl og rype. Jakttidene for dei ulike artane finn du i informasjon om jakt og jakttider. 

Fiskeguide
Fiskesoner
Fiskeri og havbruk - Regjeringa.no
Kjøp fiskekort på inatur
Jakt i Norge - Miljøverndirektoratet
Rovviltportalen - Miljøverndirektoratet

Via Ferrata Telemark

Via Ferrata er klatreruter i bratte fjellveggar med faste sikringsmiddel som stålvaierar, bøyler, stigar og bruer. 

Via Ferrata Telemark går opp Skrede-fjellet i Hauggrend i Fyresdal. 

Her kan du lese meir om Via Ferrata Telemark og booke deg ein tur.