«Gjer draumen levande» er kommunen sitt slagord, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggjarar og tilsette. Fyresdal kommune er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1240 innbyggjarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggarane våre.

Sektor for plan og teknikk søker badevakt på avdeling teknisk drift, Fyresdal symjehall.

Stillinga i symjehallen utgjer 40 % i 7 månader. Onsdag kveld, fredag kveld og laurdag på dagtid. 15 timar i veka i perioden 1. oktober til 30. april. 

Kommunen krev at den som blir tilsett gjennomfører og består utvida livredningskurs.

Vi ynskjer ein person som:

  • Kan arbeide sjølvstendig
  • Er fleksibel
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er serviceinnstilt
  • Er utadvent
  • Er løysingsorientert

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.

Den som blir tilsett blir medlem i pensjonsordning hjå KLP med 2 % innskot.

Tilsetting skjer elles i samsvar med gjeldande lovar, avtaler og reglement.

Kontaktperson ved spørsmål:

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar teknisk drift Geir Wæthing, på telefon 915 66 458.

Søknadsfrist:

Søknadsfristen er 15.09.2021.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at de brukar elektronisk søknadsskjema.