Barnehagesatsane er regulert etter Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.
Eigenbetaling for barnehagen fylgjer maksimalsatsen vedteke av Stortinget.
Frå 01.01.2022 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 3 315,- per månad.
Frå 01.08.2022 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 3 050,- per månad.
Det er to ulike moderasjonsordningar i barnehagen, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:
- Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien si samla person- og kapitalinntekt. Inntektsgrense på kr 607 750,-. Dette blir rekna ut individuelt. Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, blir innvilga etter søknad. Betalingssatsen vil av denne årsak vere ulike for kvar og ein.
- Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-, 3-, 4- og 5-åringar. Inntektsgrensa per 01.08.2021 kr 583 650,- og per 01.08.2022 kr 598 825.