Frå 1. august 2022 blei det lovfesta at alle kommunar skal ha ein barnekoordinator. I Fyresdal kommune er det tenestekontoret som koordinerande eining som har funksjonen barnekoordinator.

Retten til barnekoordinator gjeld for familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og der barnet har behov for langvarige og koordinerte
helse- og omsorgstenester.

Barnekoordinator skal koordinere det samla tenestetilbodet rundt familien og bidra aktivt for å vareta ansvaret kommunen har for oppfølging og tilrettelegging for familien. Barnekoordinator skal sørge for at familien og barnet får nødvendig informasjon og rettleiing om dei aktuelle velferdstenestene, og formidle kontakt og tilvise til velferdstenester der det er nødvendig. Dersom det er nemnt opp barnekoordinator etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2a, skal barnekoordinatoren sørge for samordning av tenestetilbodet.

Du kan lese meir om oppgåvene til barnekoordinator på helsedirektoratet.no.